Bøker med mening – for de små
"gode barnebøker gir noe, på en morsom måte"
Syng med meg!

NÅ i salg!

Ein CD med dei fleste songene følger boka!

OM BOKA: Her er over åtti barneviser og små songar, med tekstar med tema som barn likar å synge om. Det kan vera om dyr, fuglar eller andre ting som dei kjenner seg att i. Melodiane er lette og varierte, med enkle harmoniar. Her er noko som høver for dei fleste alderstrinn. Eg håpar svært mange vil få nytte av denne boka både i heim, barnehage og skole. Oppmodinga er: Syng, spel og ver glad!

Illustratør til boka er Åse Sæterøy fra Bud. Ho har ein fengande og lett strek, som egnar seg godt for små og store. Mange av illustrasjonane er i fargar.

OM FORFATTAREN og KOMPONISTEN: Rolf Hindhammer er kjem frå Angvik, og han vaks opp i ein musikalsk familie. Han har mange kulturelle og kunstnariske interesser, med musikk som den fremste. I tillegg har han arbeidd med barn i skule og idrettsmiljø. Hindhammer har frå før gjeve ut boka «Hildreveg», med melodiar til dikt av Hans Hyldbakk, og bokverket «Ein spelemann, ein toneskatt», med musikk og gode historier frå lokalmiljøet. Som komponist har Hindhammer mellom anna laga musikk til framføring av «Synnøve Solbakken» av Bj. Bjørnson og orgelkonserten «Dei siste dagane».

ISBN 82-7780-053-3

Utsalspris 298,–

Ei flott gåvebok som vi veit at borna liker!